KAROSSERISSKADER
Har du vore uheldig og fått ein skade på bilen (eller båten) din, kan vi hjelpe deg med alt, frå bilberging og veiledning til utfylling av skademelding, kontakt med selskap og takstmann, til reparasjon av bilen og leigebil i tida den står på verkstad.
Dersom du ønskjer det kan vi ta med leigebil ut til deg når vi hentar din skadde bil. Vi kan også, saman med forsikringsselskapet ditt, rådføre deg om korvidt det vil løne seg for deg å bruke forsikringa eller ikkje.
Dersom du ønskjer det tek vi oss av kontakten med selskapet.
Forsikringsselskapa kan i nokre høve forsøke å kanalisere kundar til ein spesiell verkstad eller eit spesielt bilutleigefirma. Men det er du som bileigar som bestemmer kva verkstad du vil bruke.
Når det gjeld bilutleige i samband med skade har vi like avtaler med store utleigefirma som Avis, Budget, Europcar osb. Du kan derfor gjerne ta ut leigebil hos oss i samband med ein kaskoskade.
SERVICE OG TEKNISKE REPARASJONAR
Ein leigebil kan du sjølvsagt òg nytte deg av under ordinære verkstadbesøk. Kontakt oss for dagens pris.