Robert Loftheim har vore tilsett hos oss sidan 1993. Han er delelageransvarleg og har lang erfaring i å finne rette deler til gode prisar. Han har massevis med gode kontaktar, og kan skaffe deler til nesten "alt muleg". Robert er frå 01.04.2007 tilsett som bilseljar i tillegg til delelagersjef. Etterkvart som Kjell Yndestad tek over styringa av verkstaden, vil Robert få frigjort tid til å drive med sal av bilar i tillegg til delelageransvaret.
Vi har eit allsidig lager av servicedeler til dei fleste vanlege bilmerker, småmaskiner og eindel båtmotorar.
Vi ligg inne med servicedeler til VOLVO PENTA, og noko til MERCRUISER (filter, impeller, zink, termostatar, reimer, slangar osb.)
Vidare har vi smådekk, slangar, felgar og kjemi. Spennhylser, segerringar, o-ringar, fiberringar, skruar i alle variantar (også syrefaste), gjengestenger og mykje anna snadder finn du òg.
Olje- og dieselfilter
Luftfilter
Bremsedeler
Tennpluggar
Kjølevannsslangar
Bensin- og dieselslangar
Lyspærer
Viftereimer
Oljetrykksgivarar
Spenningsregulatorar
Pluggkablar
Slangeklemmer (vanl. og syrefaste)
Vindusviskarar
Volvo Penta servicedeler