Aircondition

Dei fleste nyare bilar har aircondition, eller klimaanlegg.
Dette er eit lukka system som inneheld gassen R134A, ein flyktig gass som på byrjinga av 90-talet erstatta Freon (som vart forbode grunna drivhuseffekten).
R134A er mykje meir flyktig enn Freon var, med resultat at gassen forsvinn sakte men sikkert - utan at der er nokon reell lekkasje på systemet.
Vi har utstyr til å kontrollere, feilsøke og etterfylle gass på AC-anlegg.

Eit anna problem som frå tid til annan dukkar opp på mange bilar er ei ekkel lukt når klimaanlegget ein sjeldan gong vert brukt. Den kjem av bakterieoppblomstring i luftkanalane i systemet. Vi har også utstyr for å desinfisere desse.

Ved frontskader er nesten alltid kondenseren til AC-anlegget skada. Då er AC-utstyr ein føresetnad for å kunne reparere skaden ferdig.