PERIODISK KØYRETYKONTROL
EØS-KONTROLL
EU-KONTROLL
PKK
Kjært barn har mange namn..

Vi utfører PERIODISK KØYRETYKONTROLL (PKK) på bilar opp til 7500 kg (personbilar og mindre lastebilar/minibussar).
PKK er ein teknisk sjekk av bilens sikkerhets- og miljøfaktorar. Kontrollen tek omlag ein time, og vert automatisk innrapportert til Statens Vegvesen via vårt datasystem. Du som kunde treng ikkje gjere noko anna enn å bestille kontrollen.
Ein PKK må ikkje forvekslast med ein service. Vi skiftar ingen delar eller olje.
Alle vanlege person- og varebilar som er over 4 år gamle skal visast annankvart år. Minibussar og enkelte andre skal visast kvart år. Det er siste talet i skiltet ditt som bestemmer når bilen skal visast
1 = januar,
2 = februar,
3 = mars,
4 = april,
5 = mai,
6 = juni,
7 = NOVEMBER,
8 = august,
9 = september,
0 = oktober

Du kan vise bilen i kontrollmånaden og dei fire føregåande månadane.
Ta kontakt med oss dersom du ønskjer utført PKK, eller dersom du lurer på når din bil skal visast.