"EIN OASE PÅ KYSTEN"

Ein oase skal no ikkje ligge på kysten...
Den ligg midt ute i ein ørken av sand, tørr og heit!

Vi vil kalle anlegget vårt for ein oase på kysten. Her er det alltid lys, uansett kva våre straumleverandørar gjer eller ikkje gjer, uansett kva storm og orkan gjer med linjenettet eller transformatorar.
Vi har vårt eige 16kw aggregat som vi startar opp når straumnettet sviktar. Det inntreff heldigvis ikkje så ofte lenger, men når det skjer er AutoMarin ein oase, ein lysande stad der du kan få kjøpe lommelyktbatteri, gass, lampeolje eller kanskje berre ei øskje fyrstikker - slik at du får litt lys og varme igjen i din eigen heim.

Men like viktig er det at dette er ein samlingsplass for både unge og gamle, gåande og syklande, køyrande og sjøvegsfarande. Her møtast sjø og land, "himmel og hav" om ein vil. Frå morgon til kveld, året rundt, AutoMarin er ope 365 dagar i året.

Det har ikkje alltid vore slik. Frå oppstarten i 1969 og fram til 1989 var der 5 forskjellige forhandlar-konstellasjonar som dreiv stasjonen. I 1989 stengde butikken kl 16:30 om kvardagane. Laurdag var der ope til 13:00, deretter frå 17:00 til 19:00. Søndag var der ope 2 timar. Kortpumper hadde ingen høyrt om. Seddelautomat var visst nokre moderne greier dei hadde i byane, men ikkje i Askvoll. Ein måtte ha pengar, og det til rett tid skulle det handlast bensin eller olje. For det var hovudsakleg bensin og olje ein hadde å tilby den gongen.

Tidene har endra seg, og stasjonen med.
No er det varmt inne når det er kaldt ute. Prøv med ein rykande fersk kaffitår - trekt på nykverna kaffibønner frå Brazil..
Det er svalt inne når sola steikjer frå høgblå himmel ute. Nyt solstrålene på ein av våre benkar med ei doggkald brus frå vår kjølige oase -

EIN OASE PÅ KYSTEN.



Velkommen inn!