Vidareutdanning

I bilbransjen er det ei ekstrem utvikling. Bilar som kjem i morgon er så avanserte å reparere at ein mekanikar som tok fagbrev berre for få år sidan ikkje greier å halde seg oppdatert utan fagleg påfyll. Vi satsar mykje på dette på vår verkstad. AutoMester-kjeden er ein av landets beste kjeder for frittståande bilverkstader. Her har vi med Johnny i kjederådet, der utvikling og planlegging vert sett under lupa. Nokre eksempel på det vi gjer for å halde våre mekanikarar og fagarbeidarar oppdaterte er følgjande:

Våren 2004 starta Sogn og Fjordane bilbransjeforening i samarbeid med Bilbransjens opplæringskontor og Teknisk Fagskule opp eit toårig pilotprosjekt i Norge for vidareutdanning av bilmekanikarar. Der melde vi opp Tore Olsen, som gjennomførde kurset med flott resultat.

AutoMester utdannar mekanikarar iløpet av ein toårsperiode der dei skal gjennom ein rekke kurs i bilens forskjellige system. Etter to år avsluttar dei med ei fagprøve som fører til mesterbrev. Arne Roy held på med denne utdanninga.

Er du ferdig med læretida di og skal opp til fagbrev i rep.lette køyrety er Johnny ein av sensorane du kan få på fagprøven.