So er den unnagjort..
Esso sin Forhandlarkongress 2006

MISSION POSSIBLE


er historie, og alle deltakarane (543 stk) har fått åndeleg og fagleg påfyll i bøtter og spann! Her er det Johnny sin tur.
Kongressen gav forresten eit stort innsyn i vårt "slogun" EIN OASE PÅ KYSTEN...

Esso stilte som vanleg opp med eit fantastisk arrangement! Det var foredrag og utstillingar frå tidleg morgon til seine kveld. Karin Venås Larsen i 'Ny Giv' og Erling Nordahl i 'Toyota Norge' var to av foredragshaldarane.
Øyvind "Fridtjof" Blunck, Guri Skanche, Kurt Nilsen og Espen Lind var nokre av entertainarane.
Dubai sitt varemerke, Burj Al Arab, eller verdas einaste 7-stjerners (og verdas høgaste) hotell var ein av facilitetane vi opplevde (det var utanom Esso sitt program). Ørkensafari og mykje anna spennande var òg med. Vi såg på ein enorm innandørs slalombakke, den låg midt i eit gedigent kjøpesenter (Mall Of the Emerates), der var minus 5 og laaaang skiheis for å nå toppen!
Asia stiller med eit servicenivå vi her på berget berre kan drøyme om å få til - uan ein total omsnunad i tenke- og veremåte.

Kongressen var eit enormt påfyll av fagleg kompetanse, serviceutføring og ein påminning om kva som er muleg å få til, berre vi løftar augebryna litt høgare opp enn vi normenn trur er muleg...

Gallamiddag

Gallamiddagen siste kvelden vart innteken utandørs framfor "Burj Al Arab" eller "Seglet" på folkemunne.

Sjeik

Denne spesielle framtoningen openbara seg undervegs til ein utflukt på ein kunstig fjord (dei har berre grave ut ein fjord i sanden sidan dei ikkje hadde nokon naturleg..)
Kanskje det er ein Sjeik?!?

Frukost

Her er Terje i prat med Øyvind etter ein frukost på hotellet vårt.

Magedanserinne

Dubai er eit "kontrastenes land". Det er forbudt å gå med nakne skuldrar - berre du ikkje er magedanserinne, då kan du gjere som du vil...

Skiing

Eit lite innblikk i Dubai Skiing...
Ute var det 32, inne var det -5.
Dubai sitt bidrag til Ozonlaget..

Palmen

Dette bildet av Palmen er teke frå toppen av Burj Al Arab, eller Seglet. Det viser igjen litt av kva 'vyer' dei har, og kva som er muleg å få til - berre ein vil (og har nok oljepengar, sjølvsagt).

Toyota

Her er Erling Nordahl i Toyota Norge på scena. Han fortel litt om kva som ligg bak Toyota sin posisjon i samband med utdelinga av Kundetilfredshetsprisen i Norge, der dei ligg milevis framfor nummer to i historisk perspektiv. Men Esso har òg vunne denne prisen, to gonger sidan oppstarten på slutten av 80-talet. Esso sin målsetning er å vinne igjen (årstalet held vi foreløpig hemmeleg).

Burj Al Arab

Dette hotellet er magisk når ein kjem nær det! Verdas høgaste hotell, verdas einaste 7-stjerners (sjølv om enkelte hevda det berre var 5-stjerners), helidekk i framkant og fullt av gull innvendig.
Bildet av Palmen ovanfor er teke frå restauranten som ligg som ei veng på sjøsida heilt oppe.
Men all maling som er brukt innvendig er faktisk norsk... Levert av Jotun!