Sorrento

i -97 var det tid for Esso's neste kongress. Den gjekk av stabelen i Sorrento i Italia. Nok ein gong stilte Esso med eit meget høgt fagleg innhald. I tillegg til dette vart det tid til ein tur til Pompeii for å sjå på utgravingane der. Denne gangen reiste Johnny åleine frå Askvoll. (Bildet ser ut til å vere tatt etter heimkomst, der han ser haugen som ligg på skrivebordet...)
EU-kontroll, som var innført i Italia nokre år tidlegare, har hatt liten verknad på bilparken der nede. Halvparten av bilane mangla sidespeil, og den andre halvparten mangla masse lys! Der var så masse smale smug der trafikken gjekk nesten som på Nürburgring at det skulle godt gjerast å halde doningane heile.