10 års jubileum

Etter 10 travle år fortente desse karane (Tore og Robert) å feire litt! Saman med Dagny, Einar, Heidi, Idun, Johnny, Kenneth og Raymond pakka dei sekken ein laurdagsmorgon og reiste til Bergen. Her budde vi på Augustin, køyrde gokart, hadde ein bedre middag på Mex-Tex (Johnny fekk ekstra jalapenos i maten...) Deretter var vi på revyen "Beat" på Ricks Teater. Kvelden vart avslutta med pub-til-pub runde. Søndagen var vi på Fløyen, på Akvariet og deretter på kino. Vi kom heim kl 23 etter ei koseleg helg i vestlandets hovedstad.