Historikk

AutoMarin-namnet oppsto først i 1999. Før det er ein lang historie prøvd gjengitt i korte trekk nedanfor:

I juli 1989 kjøper Johnny Søreide saman med Einar Ask opp konkursbuet til Askvoll Auto AS, ein rein bilverkstad som var lokalisert i gamle meieriet i sentrum. Dei stiftar Askvoll Motor AS. I oktober same år er det Essostasjonen sin tur å bukke under, og Johnny og Einar kjøper opp også denne. Med på lasset er Dagny, som er til uvurderleg hjelp i oppstarten - som ho er det idag! Ved nyttår 89/90 er bensinstasjonen ombygd for å også kunne huse verkstaden, og dei to aktivitetane vert samla under eitt tak. Utstyrsmessig er bedrifta fortsatt på bar bakke - ikkje eingong ein telefax inneheldt dei to konkursbua. Alt må kjøpast nytt. Vi utvidar opningstidene til kl 19:00, og omset for 1,1 mill. første året.
Butikken er på 36 kvm og pølser er fortsatt eit ukjent begrep - det er PølseOlsen på kaia som sel dette!

I 1992 vert butikken utvida til 84 kvm, og PølseOlsen får konkurranse. Samstundes vert det montert stort tak over bensinpumpene, belegningsstein nedlagt, ny essomast sett opp og romma bak butikken ombygde. Ein kostnad på omlag 1,1 mill. Det er nødvendig med luftkondisjonering og eit 13kw aggregat vert innkjøpt til kr 70.000,-. Dette året startar vi opp med bilutleige. Første leigebilen er ein 1984 Nissan Prairie varebil.

1993: Vi omset for 9,2 mnok.

I 1994 vinn vi "Top Tiger Team", ein nasjonal essokonkurranse i Norge, der vi blir kåra til beste essostasjonen i landet. Premien er ei veke i Florida for 4 pers. Einar, Dagny, Robert og Trond reiser bort i februar 1995.
I -94 vert også delt avgiftssystem på diesel innført, og farga diesel er ein ny kvalitet. Vi har ei tid planlagt å få til ein marina, og nyttar no anledningen til å gå hardt på oljeselskapet for å få dei med på investering i ny tank og pumpe. Dette lukkast ikkje, med resultat at Askvoll Motor AS må ta heile investeringa sjølv. Dette vert likevel gjennomført, og diesel- og bensintank vert nedgravd og ny pumpe sett opp. Kostnad 300.000,-. Marinaen er fortsatt ikkje klar fordi fjæra ligg der som før.

1995: Grunna mange straumbrudd på YFK-nettet siste tida kjøper vi eit 16 kw dieselaggregat. Dette gjer oss istand til å drive stasjon, pumper og løftebukkar sjølv om straumen er vekk. Slik vert Esso ein oase i Askvoll på mørke straumlause vinterkveldar. Samstundes kjøper vi ny bremseprøvar og avgassmålar til verkstaden, totalkostnad 150.000,-
Dette året vert fjæra utmudra, og vi set opp pumper på kaia. Vi er no ein av dei aller første stadane i heile fylket der du kan fylle bensin rett i båten. Esso forlangar at vi skal ha nøytrale, svarte pumper. Dette fordi dei ikkje er med å betalar, og ikkje ønskjer negativ reklame om noko skulle skje. Omsetnongen dette året stoppar på 11,2 mnok.

I 1996 har Einar selt seg ut av eigarsida, og Johnny er eineaksjonær. Same året startar vi opp med bilberging med ein 1981 modell Mercedes 307 som aldri startar sjølv - han må slepast igang! Halve sentrum var lyseblått av dieselrøyk kvar gong vi var ute på berging...

I 1997 vert ny verkstad bygd opp i garasjane til Firda Billag (som flyttar nedover) samstundes som vi kjøper bygget (den delen vi sjølv brukar). Gamleverkstaden vert gjort om til vaskehall, lager og kontor. Det vert bygt eit stort dekklager på loftet over vaskehallen, der vi lagrar oppimot 1000 dekk i toppsesongen. Sjølvvaskeanlegg vert montert. Denne utvidinga er slutten på ein nomadetilvære sidan vi heilt frå starten har hatt for lite lagerplass; vi har leigd i meierikjellaren, i banken, på kiosken på kaia, ja tilogmed på gjesterommet til Johnny - der rekneskapsarkivet var. Men slutten på noko er alltid starten på noko anna - vi er no "gjeldsslavar" sidan denne investeringa nermar seg fire millionar. Dette er også året då vi får kontrakt med Askvoll Kommune på bilutleige til heimesjukepleien, 2 bilar. Årsomsetningen er no oppe i 13 mnok.

1998: Dei to utleigebilane til heimesjukepleien vert erstatta med 3 nye. Denne gangen får vi 3-årskontrakt.
Aluminiumsfelgar vert meir og meir vanleg, og vår gamle dekkmaskin treng avløysing for å skåne felgane for småskader. Vi kjøper fylkets beste dekkmaskin for lettmetallhjul - Butler, den kostar kr 80.000,-
I oktober pensjonerer vi den gamle bergingsbilen og kjøper "ny" hos rallyførar Ludvig Hunsbedt i Kvinesdal, ein Ford Cargo som startar sjølv... Johnny og Leif køyrer til sørlandet og hentar bilen. På veg heim ryk eit oljerør, noko som kostar oss mykje hauebry på nattestid i Setesdalen! ( dette varslar berre ein serie med trøbbel denne bilen skal påføre oss). Då vi kjem til Haukelifjell må vi berge ein svensk trailer som står fast i snøen!

Sommaren 1999 gjer Terje Bjaanes sitt første profesjonelle inntog i bilbransjen, han og Johnny stiftar AutoMarin DA - eit firma som har som føremål å drive med bilimport og -sal.
I november 1999 reiser vi 9 stk til Bergen og feirar 10-års jubileum.

I 2000 invisterer vi i vår første bilvaskemaskin, kjøpt på Øystese og transportert heim på "halv åtte" med lastebilen til "Leiknesen". Seinare same året er neste generasjon bergingsbil på plass, ein MAN 1995-modell som er ein revolusjon samanlikna med Mercedesen og Forden, den går - i motsetning til Forden - mange mil utan motorstopp! Dette året har vi ein omsetning på 15 mnok.

2001: Vi kjøper ny telefonsentral, doblar linje-kapasiteten frå 2 til 4, og får trådlause telefonar. Nytt nummer føl med på kjøpet (57733555), samt direkteinnval til mange tilsette. Verkstaden treng eit moderne hjulstillingsapparat, og nytt datastyrt 4-hjuls apparat vert innkjøpt. Investeringskostnad omlag 170.000,-.

2002: Askvoll Motor AS og AutoMarin DA vert fusjonert, og tek namnet AutoMarin as. Terje er no inne med ein eigardel på 40% medan Johnny har 60%. Første mars byrjar Terje på full tid med bilimport/sal etter 18 år som salssjef på Helle Fabrikker.
På hausten vinn vi ein oljekonkurranse i Exxon-Mobil systemet, premien er ein tur til Budapest og Formel 1.
Omsetningen aukar stadig og passerer 17 mnok dette året.

2003: Vi monterer videoovervaking på heile stasjonsområdet. Dette reduserer pumpeavstikk med nær 100% og avslører i tillegg ein og annan vandal. Sjølv om anlegget kostar 130.000,- kr viser det seg å verte ei god investering. Årsomsetningen dette året sluttar på 21,5 mnok.

Mars 2004: Vi avsluttar som Husqvarna Skog & Hage-forhandlar. Askvoll Bygg og Interiør tek over forhandlaransvaret, medan vi skal fortsette å ha service og reparasjonar på maskinene.
I mai byggjer vi nytt kjøle- og fryserom og skiftar ut den gamle bilvaskemaskina med ei nyare, ei samla investering på 1 million. Installeringa av kjøl/frys vert ein revolusjon i butikkdrifta. Vi kan no trille inn containerar med varer rett på fryselageret, mot tidlegare då vi måtte snu opp-ned på 5-6 fryseboksar og 2 fryseskap kvar gong det kom varer! Før jul og påske måtte vi tilogmed leige frysekapasitet hos Einar Helleset nokre gonger.
I juni fornyar vi leigekontrakten med Askvoll Kommune på bilar til Heimesjukepleien, dei har no 4 køyrety.
Tore, ein av mekanikarane, tek til på ei knallhard vidareutdanning i regi av Sogn og Fjordane Bibransjeforening i samarbeid med Bilbransjens opplæringskontor. Den sla vare i nesten to år, og gjer at Tore må ha fri for å gå på kurs fleire veker.
Oktober 2004: Vi vinn ein pølsekonkurranse med Gilde, og vert kvitt Kenneth ei heil veke som premie. Han vinn nemleg eit opphald i Las Vegas i USA!
29.oktober reiser vi 20 stk til Bergen og feirar 15-års jubileum (meir om det under "store hendingar"). Omsetningen aukar med 24% og endar på 26,4 mnok.

2005: Vi fisjonerer selskapet i to, eit eigedoms/morselskap (Fram Eigedom AS) og eit datter/driftsselskap (AutoMarin as).
Etter starten på marinaen for ti år sidan har drivstoffsalet spesielt i sommarferien auka voldsomt, og kapasiteten på avgiftsfri diesel er for dårleg. Vi må ha tankbil opptil tre gonger i veka, og opplever frå tid til annan å gå tomme. Vi investerer derfor i ein stor 25000 ltr tank og og koblar saman med den eksisterande, kapasiteten er no på 34000 farga diesel, og problemet er løyst. Den totale drivstoff-kapasiteten på heile anlegget vårt er på 97.000 ltr. Investeringa som ligg under bakken i samband med marinaen er på ein halv million kr, alt dekka av oss.
Samtidig med gravinga til dieseltanken monterer vi hamburger-konsept inne i butikken, kostnad 200.000,-. Dette blir ein umiddelbar suksess, og burgersalet sprett rett til værs. Dette året vert vi òg medlem i verkstadkjeden AutoMester.
Årets omsetning er nok ein rekord; 30,6 mnok ekskl.mva som er opp 15%.

2006: Dette året er prega av endå større aktivitet, og endå større plassbehov. Vi greier ikkje lenger å plassere alle brukt- og kundebilar på tomten vår og leiger plass ved Askvoll Fjordhotell.
I juli vert Askvoll Sentrumshamn utmudra og tilfloten til marinaen vesentleg forbetra. No er det minimum 2 meter på full fjære inn til bunkringskaia.
Vi er tilsaman 16 medarbeidarar fordelt på omlag 11 årsverk.

2007: I februar dette året sel Johnny alle aksjane i selskapet til Terje. Terje tek over som dagleg leiar første mars, og Johnny sluttar rundt påsketider.

(oppdatert 2/07)
Som biletet her viser, dukkar det opp forskjellig når vi grev djupt nok i historiske arkiv. Dette biletet er tatt då Johnny mista brillene sine sommaren 2004, og har ingenting med AutoMarin as å gjere :o)

HISTORISKE MILEPÆLAR:

1989 Askvoll Motor AS vert stifta
1989 Vi overtek essostasjonen
1990 Vi kjøper vår første telefax
1991 Vår første firmabil Ford Transit vert leigt av Einar Ask.
1992 Ny butikk på 84 kvm.
1994 Vi vert Husqvarna-forhandlar
1995 Vi byggjer marina
1996 Vi startar med bilberging
1997 Det store huskjøpet
1998 Vår andre bergingsbil vert kjøpt.
1999 AutoMarin DA vert skipa.
2000 Vår første bilvaskemaskin
2000 Ny bergingsbil
2001 Ny telefonsentral, nytt nr.
2002 Askvoll Motor AS og AutoMarin DA vert slått saman til AutoMarin as.
2002 Terje Bjaanes kjem samstundes inn som medeigar
2003 Montering av videoovervaking
2004 Vi avsluttar som Husqvarnaforhandlar
2004 Nytt kjøle- og fryserom
2005 Vi splittar selskapet i to, eit driftsselskap og eit eigedomsselskap
2005 Vi vert medlem i AutoMester
2005 Vi monterer hamburgerkonsept
2005 Vi utvidar kapasiteten på farga diesel med 400%
2006 Hamna vert utmudra
2007 I februar kjøper Terje Bjaanes ut Johnny Søreide. Han tek over som dagleg leiar 1/3-07. Johnny sluttar i selskapet iløpet av våren.

Arkiv

Å drive bedrift idag er ikkje akkurat papirfritt. Her er eit lite glimt av vårt rekneskapsarkiv.
Frå 1/1-2006 har vi gått over til elektronisk bilagshandsaming. Det vil på sikt redusere behovet for papirarkiv. Enn så lenge er det krav om å oppbevare alle rekneskapspapir i 10 år. Dette er svært plasskrevjande, og vi bygde derfor dette arkivet på 15 kvadratmeter i 2004.